Hopp til innhold

Utforkøyring: – Sjåføren sprang frå staden

Ein bil har køyrt utfor vegen i Almklovdalen i Vanylven. Politiet måtte leite etter sjåføren før dei fann han.

Utforkøyring Almklovdalen

Bilen fekk berre mindre skadar under utforkøyringa.

Foto: Tipsar

Siste: Politiet opplyser at dei har pågripe sjåføren:

Laster Twitter-innhold

Hos operasjonssentralen i Fjordane politidistrikt får NRK Møre og Romsdal opplyst at det var berre éin bil innblanda i trafikkuhellet, og det skal ha vore berre éin person i bilen då utforkøyringa hende.

Politiet opplyser at mannen sprang frå staden, og at dei sette i gang ein leiteaksjon etter mannen. Det er mistanke om promillekøyring.

Om lag klokka 17.15 melde Fjordane politidistrikt at dei hadde pågripe mannen ikkje langt frå staden der utforkøyringa skjedde.

Ved 20-tida laurdag kveld er mannen framleis ikkje avhøyrd, og politiet har dermed ikkje noka formeining om kvifor mannen hadde forlate bilen då dei kom fram.

Almklovdalen utforkøyring

Fleire naudetatar rykte ut då meldinga om utforkøyringa kom.

Foto: Tipsar