Skadeomfang framleis ukjent
Personen som var involvert i ulykka på Ræstad skal ha gått ut av bilen sjølv, men hadde blod i ansiktet. Skadeomfanget er framleis ukjent, opplyser Erik Mikalsen, operasjonsleiar i politiet.
Ein bil har køyrt av vegen ved Ræstad på Otrøya.
Personen som var involvert i ulykka på Ræstad skal ha gått ut av bilen sjølv, men hadde blod i ansiktet. Skadeomfanget er framleis ukjent, opplyser Erik Mikalsen, operasjonsleiar i politiet.
Brannvesenet og ambulansen er på staden der ein bil har køyrt utfor vegen ved Ræstad på Otrøya. Ambulanse tek med føraren til sjukehuset. Det arbeidast med å opne vegen for allmenn trafikk, melder politiet på Twitter.
Ein bil skal ha køyrt utfor vegen på fylkesveg 668 ved Ræstad på Otrøya, melder politiet på Twitter. Ein person skal vere involvert. Naudetatane er på veg til staden.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.