Hopp til innhold

Utforkøyring ved Mordalsvågen

Oppsummert

Ein lastebil køyrde utfor vegbana like før Mordalsvågen i Molde.

  • Prøvar å heise opp lastebilen

    Lastebilen som køyrde utfor vegen ved Mordalsvågen i Molde skal ha hamna på sida ned ei skråning. Fleire bergingsbilar arbeider no med å heise opp bilen. Vegen vil difor bli stengd ei periode, men bilar blir dirigert forbi på det opne køyrefeltet, fortel operasjonsleiar i politiet, Erik Mikalsen. Lastebilen er fullasta med fisk.

  • Bilberging og entreprenør rekvirert

    Politiet melder at autovernet ligg utanfor vegbanen og at entreprenør og bilberging er rekvirert til staden der ein lastebil køyrde av vegen i Mordalsvågen i Molde. Det er ikkje snakk om personskadar.

  • Fylkesveg stengd

    Fylkesveg 662 er stengt på strekningen Aukra – Molde grunna trafikkulykka der ein lastebil køyrde utfor vegbana. Anbefalt omkøyring via fylkesveg 64 og fylkesveg 215. Malmefjorden og Tussentunnelen for dei som skal til/frå Hollingen, melder Statens vegvesen.