Utforkøyring ved Gyltunnelen

Ein bil har køyrd av vegen ved Gyltunnelen på fylkesveg 70 i Tingvoll. Ein person som var i bilen har opplyst til politiet at han er uskadd. Naudetatane er på veg til staden. Ifølgje politiet er det trafikale utfordringar på staden.