Utforkøyring på Herøybrua

Ein bil har køyrd av vegen på Herøybrua. Ingen blei skadd i ulukka.

Ulykke ved Herøybrua i Herøy

Tysdag morgon køyrde ein bil av vegen på Herøybrua. Ingen blei skadd i ulukka.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ulykke ved Herøybrua i Herøy

Alle naudetatane rykka ut til staden.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det var like før 08.30 at politiet fekk melding om ei utforkøyring på Herøybrua. Alle naudetatane rykka raskt ut til staden.

– Det er berre ein bil involvert i ulukka, og utforkøyringa har skjedd like før brua, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet.

Ifølge politiet blei ingen skadd i ulukka.

– Føraren av bilen hadde køyrt av vegen og køyrd seg fast. Han var uskadd og drog vidare til arbeid. Vi er på veg til arbeidsplassen hans for å prate med han no, seier Ferstad.