Hopp til innhold

Utforkøyring på Frei

Oppsummert

Ein bil køyrde utfor Kvalvågvegen på Frei fredag 1. desember.

  • Frakta til sjukehuset i Molde

    Både passasjeren og føraren som var involvert i utforkøyringa på Frei er ute av bilen og frakta til sjukehuset i Molde. Ein eller begge skal ha skader i nakke og rygg, seier operasjonsleiar i politiet Kenneth Sætre. Omfanget på skadene kan ikkje politiet seie noko om. Bilberging er på staden og politipatruljen gjer åstadsundersøking. Trafikken vil bli dirigert forbi på ein gangveg.

  • Ein person fastklemd

    Utforkøyringa har skjedd på Kvalvågvegen på Frei og naudetatane er no på staden. Dei har fått ut den eine personen, men den andre sit framleis fastklemd i bilen. Brannvesenet arbeidar med å få personen ut, melder politiet. Skadeomfanget er framleis ikkje kjent.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL