Hopp til innhold

Utforkøyring i Haram

Ein personbil har krasja i fjellveggen på Remme i Haram.

Utforkøyring Remme

– Personbilen har treft fjellveggen og så hamna i vegbana igjen, forklarer operasjonsleiar Trygve Ødegård til NRK.

Det var éin person i bilen og politiet veit ikkje noko om skadeomfanget.

Det eine feltet er ope, så det er mogleg å passere, men politiet anbefaler å køyre om Søvik.

– Ulykka fører til ein del kø men bilberging er på veg, seier Ødegård.

Laster Twitter-innhold