NRK Meny
Normal

Utforkøyring i Fræna

Ein bil har hamna utfor vegen i Malmekleiva i Fræna kommune.

Laster kart, vennligst vent...

Ein bil sperrar delar av vegbana på fylkesveg 64 ved Malmekleiva i Fræna.

– Det er glatte vegar der og bilen har truffe ein lyktestolpe, opplyser operasjonsleiar Jan Helge Kjøl.

Den kvinnelege sjåføren i 20-åra er fysisk uskadd.

– Det går an å passere, men der vil vere litt redusert framkomst ei stund, seier Kjøl.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 20.40.

Laster Twitter-innhold