Hopp til innhold

Utfordrar Frp om politiet

Jenny Klinge (Sp) er overbevist om at nærpolitireforma vil svekke politiet. – Då har Jenny Klinge misforstått reforma, svarar Frps Harald Tom Nesvik.

Jenny Klinge

Jenny Klinge frå Senterpartiet fryktar nedlegging av lensmannskontor, og større avstand mellom politi og folk.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet utfordrar Framstegspartiet i spørsmålet om politireforma.

Partiet til justisminister Anders Anundsen, Framstegspartiet, har landsmøte i helga. Regjeringa foreslår å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 12.

– Større avstand mellom folk og politi

Klinge og Senterpartiet meiner at forslaget som justisministeren har lagt fram, kjem til å svekke politiet.

– Paradoksalt nok kallar dei det for nærpolitireforma, men det blir større avstand mellom folk og politi. Politiet blir fjernare, seier Jenny Klinge. Ho meiner Framstegspartiet ikkje kan kalle seg eit parti for lov og orden når dei satsar på ei slik reform:

– Det blir større avstand mellom politiet og folket, og omvendt, seier stortingskvinna til NRK Møre og Romsdal.

Politi

– Nærpolitireforma vil svekke nærpolitiet, meiner Jenny Klinge (Sp).

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Fryktar nedlagde lensmannskontor

– Vi må ha eit politi som kjenner folket. Vi må ha eit mangfald av lensmannskontor. Regjeringa legg opp til større avstand.

– Men forkjemparane meiner dette vil frigjere ressursar som vil skape eit betre politi?

– Det er fint at Møre og Romsdal kan bli eige politidistrikt. Men eg fryktar framtida når politidirektoratet skal kunne legge ned lensmannskontor. Det vil svekke nærpolitiet, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet.

– Ikkje skjønt kva reforma inneheld

Harald Tom Nesvik i Framstegspartiet meiner at utspelet til Klinge tyder på at ho ikkje har skjønt kva reforma inneheld.

– I dag brukar vi mykje ressursar på kontor som er ope to gongar i veke. Det er ei politifagleg vurdering som skal liggje til grunn for om ein skal ha eit lensmannskontor eller ikkje, seier Nesvik.

Han seier at reforma vil flytte meir politi ut til folket dersom ein brukar pengane på å få politiet ut i patruljar i staden for å knyte opp ressursar i leie av kontor og administrasjonspersonell.

– Framtidas politiet vil ha PC og datautstyr i bilane i staden for på lensmannskontoret og kome raskare fram på åstadane. Dette vert ein nærreform der ein er opptatt av å gjere administrasjon om til operative tenestefolk. Slik får ein større tryggleik for innbyggjarane, seier han.

Han seier at det er same årsaka som ligg til grunn for å ha færre politidistrikt.

– Ein må flytte ressursane ut av kontorlokala, seier Nesvik.