Utfordrande forhandlingar

Arbeidsgivaravgifta blir ei utfordring i forhandlingane om samanslåing mellom Stranda og Sykkylven. I dag og i morgon skal politikarar og leiarar frå dei to kommunane møtast i Geiranger. Det er regjeringa som avgjer nivået på arbeidsgivaravgifta som er høgare i Sykkylven enn i Stranda. – Skal dei to kommunane slå seg saman må den nye kommunen få den same avgifta som Stranda har i dag, seier ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. Han meiner og at flytting av statlege og fylkeskommunale tilbod der Stranda er taparen, kan stå i vegen for ei samanslåing.

Ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad, i Hellesylt
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKe