Hopp til innhold

Utfordrande for Mannen-evakuerte

Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Kommunen må finne nye og betre bustader til dei evakuerte dersom det går lang tid før fjellpartiet rasar ut.

Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Kommunen må finne nye og betre bustader - dersom det går lang tid før fjellpartiet rasar ut.

SJÅ TV-SAKA: Det er ei stor utfordring for Rauma kommune å hjelpe dei elleve som er evakuerte i samband med Mannen-dramaet. Heldigvis er det mange som vil hjelpe dei. FOTO/REDIGERING: Remi Sagen

Mannen Sogge

Torsdag fekk fleire av dei evakuerte kome heim for å hente eigendelar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fredag var det om lag ei veke sidan elleve personar blei evakuert frå heimane sine i Rauma på grunn av skredfaren ved fjellpartiet Mannen i Romsdalen. Tysdag denne veka gav politiet ordre om opphaldsforbod ved fjellet.

Torsdag fekk fleire av dei evakuerte reise heim ein kort tur. Geologane vurderte det då som forsvarleg at dei evakuerte kunne få kome inn i husa sine for å hente fleire nødvendige eigendelar.

Les alt om Mannen her.

Geologane spådde at fjellpartiet ville losne etter massiv nedbør tysdag, men det skjedde ikkje. Derimot stabiliserte fjellet seg, og bevegelsane dei siste dagane har vore mindre. Torsdag opplyste geologane at fjellet bevegde seg 1,5 centimeter i døgnet. Fredag kunne Rauma kommune fortelje at Mannen framleis bevegde seg 1 centimeter i døgnet.

Vanskeleg ventetid

Raumasamfunnet er i ferd med å vende tilbake til normalen, etter ei veke der Seigmannen har skapt unntakstilstand. Folk på gata viser stor medkjensle med dei elleve som førre veke blei evakuerte frå heimane sine.

Per Arne Staurset

Per Arne Staurset føler med dei evakuerte.

Foto: remi sagen / nrk

– Eg må seie eg føler med dei. På ein måte er dei heilt hjelpelause, dei kan ikkje gjere noko anna enn å vente, seier Per Arne Staurset.

Kommunen har trappa ned kriseberedskapen, men har framleis vaktordning på plass. Dei vurderer også situasjonen kontinuerleg for å bestemme korleis dei skal handtere situasjonen vidare.

Også på rådhuset i Rauma driv dei med venting. Skuldrene er litt seinka denne fredagen, sjølv om dei veit at dei evakuerte har hatt ei vanskeleg veke. Arnt Olav Herjehagen, kommunikasjonsrådgivar i Rauma kommune, fortel at den siste tida har vore krevjande for dei evakuerte.

– Dei har gitt uttrykk for at dei er slite. Det har utvikla seg til å bli eit ganske stort oppstyr rundt dette så det er sjølvsagt forståeleg, men etter forholda så har dei det bra, seier han.

Langsiktige løysingar

Arnt Olav Herjehagen

Arnt Olav Herjehagen fortel at dei ser på langsiktige løysingar dersom skredfaren blir vedvarande.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det er meldt mildare vêr i området i løpet av helga, men geologane klarer ikkje fredag å seie noko om dette kan påverke fjellpartiet dramatisk. Mannen kan bli ståande til jul og påske, då kan ikkje dei evakuerte leve som i dag.

– Nokre av dei bur i fasilitetar som ikkje er spesielt bra når det byrjar å dra seg til med kulde no på vinteren. No prøvar vi å finne meir langsiktige løysingar som kan egne seg betre dersom situasjonen skulle dra ut i tid, seier Herjehagen.

Men det er ikkje mangel på folk som vil hjelpe dei evakuerte i Rauma. Mange har dei siste dagane ringt til kommunen for å hjelpe til med bustader.

– Det har vore mange som har kontakta oss for å tilby bustader til dei evakuerte, noko vi sett stor pris på, seier Herjehagen.

Kommunen skal no ha samtalar med dei evakuerte for å undersøke kva dei skal gjere dersom skredfaren rundt Mannen blir langvarig.

– Vi må sette oss ned og sjå på kva ønskjer og moglegheiter dei evakuerte har, seier Herjehagen.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.