Utfordrande år for Årø

Molde Lufthamn Årø melder at 2018 var eit utfordrande år for dei. Trafikken var 8,9 prosent mindre enn i 2017. Innlandstrafikken gjekk ned berre 0,3 prosent, men utanlandstrafikken gjekk ned heile 49.5 prosent. Talet på utanlandspassasjerar var i fjor på 27.319. Nedgangen skuldast i hovudsak at Gdansk-ruta vart flytta frå Årø til Vigra. Innanlands har det vore nedgang for Bergen-ruta, medan Oslo-ruta har vore stabil.

Eksterøiørt Molde flyplass Årø
Foto: Roar Strøm / NRK