Utestengde frå Island

Ringnotbåten Teigenes frå Herøy er saman med tre andre fartøy stengde ute frå loddefiske i islandsk farvatn. Det melder avisa Vestlandsnytt. Årsaka skal vere at dei fire fartøya hadde meir lodde om bord enn det som var rapportert under fisket for to år sidan. Audun Maråk i organisasjonen Fiskebåt kallar straffa for ein islandsk overreaksjon. Sunnmørsposten melder at det i dag er møte mellom Fiskebåt og Fiskeridepartementet. Dei tre andre båtane er ifølgje avisa Tallbor, Østerbris og Liafjord (bildet) frå Hordaland.

Liafjord toktfartøy
Foto: fiskedirektoratet / fiskedirektoratet