Hopp til innhold

Utestaden Toldboden i Ålesund beklagar etter koronautbrot

Koronasmitte hos 40 personar i Ålesund kan førast tilbake til utbrot ved to restaurantar i byen. No går restauranten Toldboden ut og beklagar at gjestar blei smitta.

Toldboden i Ålesund

Fleire gjestar blei smitta av korona etter å ha vore gjestar på restaurantane Toldborden og Anno helga 16. og 17. april.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Artikkelen er oppdatert tysdag ettermiddag med dei nyaste smittetala frå Ålesund kommune.

Smittesituasjonen i Ålesund har vore uoversiktleg og kommunen har stengt treningssenter, innført forbod mot arrangement og stengt alkoholservering. Det meste av smitten kjem frå restaurantane Toldboden og Anno i perioden 16. til 19. april. Tysdag ettermiddag melder kommunen at situasjonen er noko meir oversiktleg.

No går Toldboden ut på Facebook og beklagar det som skjedde.

«Vi på Toldboden er veldig lei oss for den belastningen vi har påført våre gjester i forbindelse med utbruddet i helgen. Dette ble en erfaring vi gjerne skulle vært foruten».

– Sat for tett

Leif Hurlen

Leif Hurlen syntest gjestane sat altfor tett då han gjekk forbi uteserveringa på Toldboden.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Fleire gjestar har fortalt til NRK at dei sat altfor tett, at det blei servert berre alkohol og ikkje mat og at det var allsang.

Leif Hurlen gjekk forbi Toldboden laurdagen. Det var fint ver og mange sat ute på restauranten.

– Eg såg ingen som spiste verken ei pølse eller ei fiskekake, men alle drakk øl. Dei sat tett som hagl, påstår Hurlen.

Flytta stolane

Dagleg leiar ved Toldboden har avvist at smittevernreglane ikkje blei følgt og meiner dei har blitt smittesyndebukkar.

No skriv Toldboden at dei har tilrettelagt for at besøkande og personell skulle kunne halde ein meters avstand. Dei meiner utfordringa var at gjestar flytta på bord og stolar.

«Flere ganger måtte vårt personell flytte stoler og bord tilbake der de egentlig skulle stå. Vi har et felles ansvar for å følge smittevernreglane, og vi er helt avhengige av et godt samarbeid med gjestene for at vi skal få dette til.»

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Toldboden tysdag.

Ikkje politimeld

Elin Drønnen, politiinspektør

Påtaleleiar Elin Drønnen seier at politiet ikkje har sett i verk etterforsking av smitteutbrotet i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Politiet har ikkje sett i verk etterforsking i samband med det siste smittevernbrotet i Ålesund.

– Så langt har ikkje kommunen meld restauranten til politiet, men om vi får det vil vi sjølvsagt vurdere denne, seier påtaleleiar i politiet i Møre og Romsdal, Elin Drønnen.

Politiet har ikkje planlagt å etterforske saka på eige initiativ.

Kommunedirektør Astrid Eidsvik sa måndag at dei vil samle inn opplysningar dei har fått om at smittevernet ikkje er følgt og aksjonere deretter når dei har fått oversikt.

Smittevernkontrollar

Ålesund kommune har hatt smittevernkontrollar på restaurantar og kafear. Toldboden hadde tilsyn 15. mars utan avvik. 23. april påpeikte kontrollørane at det ikkje var lagt opp til minimum ein meters avstand mellom gjestane, men at nokre bord var stengt for å skape avstand.

Tysdag ettermiddag oppdaterte kommunen smittetala og opplyser at det er no er 57 personar i isolasjon med koronasmitte. 40 av desse smittetilfella er relatert til utestadane Anno og Toldboden. 600 personar er i karantene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL