Hopp til innhold

Uterekord for dei yngste

Ferske medlemstal frå DNT viser ei auke på over 21 prosent i talet på barnemedlem. I dag håpar DNT at ekstra mange tek turen ut i samband med tiårsmarkeringa til Kom deg ut-dagen.

Kom deg ut-dagen på Tueneset 040916

Kom deg ut-dagen blir arrangert over heile landet i dag. På Tueneset i Ålesund hadde mange tatt turen søndag.

Foto: NRK

Det er særleg barn under 12 år som står for det foreininga kallar ei eksplosiv auke i talet på barn som melder seg inn i foreininga., skriv DNT i ei pressemelding.

– Dette er ei unik utvikling og utruleg gledeleg. Når mange barn og unge får eit tidleg og godt forhold til natur og friluftsliv kan det også ha stor betydning på sikt, både for den enkelte og i eit folkehelseperspektiv, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Turistforeininga arbeider på det jamne med å nå nye generasjonar og målgrupper, og har i dag meir enn 200 grupper av Barnas Turlag spreidd over heile landet.

Kom deg ut-dagen

Også i den totale medlemsmassen går foreininga mot eit nytt rekordår. Ved inngangen til september hadde foreininga passert 286.000 medlemmer – nesten 20.000 fleire medlem enn på same tid i fjor. I dag ventar organisasjonen meir enn 45.000 barn og vaksne frå heile landet ut på tur i samband med 10-årsjubileet for Kom deg ut-dagen.

Nils Øveraas

Generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, er svært fornøgd med medlemsutviklinga til foreininga.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / DNT

– Vi starta med nokre ganske få arrangement i 2006, og har no fått ein folkefest på 156 stadar i heile Norge. Det viser at vårt langsiktige arbeid for eit tilbod til alle generasjonar treffer, meiner Øveraas.

Han fortel vidare at Kom deg ut-dagane er blant dei største arrangementet dei har. Over heile landet blir det i dag arrangert ulike aktivitetar for barn, ungdom og vaksne.

– I samarbeid med andre frivillige organisasjonar, bydelar og offentlege aktørar, har vi her ei unik moglegheit til å treffe og inspirere alle, seier Øveraas.

Han oppfordrar også flest mogleg til å ta turen ut i nærleiken av der de bor. Ikkje berre på denne Kom deg ut-søndagen, men på flest mogleg av årets andre dagar.

Sjå alle arrangementa her.

Mange lokale arrangement

Også i Møre og Romsdal blir det arrangert ein rekke arrangement i samband med 10-årsmarkeringa. På Sunnmøre blir det arrangement i Romedalen i Ørsta, Herøy gard og på Tueneset i Ålesund, medan Kristiansund og Nordmøre Turistforeining inviterer til familietur til Honnstadvatnet.

Kom deg ut-dagen på Tueneset 040916

Kom deg ut-dagen blir arrangert over heile landet i dag, som her på Tueneset i Ålesund.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Molde og Romsdals Turistforening inviterer til familiearrangement både ved Langvatnet i Fræna og ved Storlihytta i Moldemarka. Her legg dei til rette for enkelte aktivitetar for barna som inkluderer naturen.

– Molde og Romsdals Turistforening har i år sett ny medlemsrekord. Søndag satsar vi difor på ny deltakarrekord på Kom deg ut-dagen også, seier dagleg leiar Maria Holo Leikarnes i Molde og Romsdals Turistforening.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL