Hopp til innhold

Kutta skuletilbod i pengekrise – så dukka det opp 300 millionar kroner

Utdanningsforbundet krev at nedlagde skuletilbod blir starta opp att sidan fylkeskommunen ikkje er så fattige som dei trudde.

Demonstrasjon i Molde mot skulekutt

Før jul demonstrerte elevane mot skulekutt. No krev Utdanningsforbundet at det store overskotet blir brukt til å gjere om skulekutta.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hundrevis av rasande elevar streika og gjekk i fakkeltog for å berge skuletilboda. Dei blei ikkje høyrt. Økonomien i Møre og Romsdal var så dårleg at politikarane kutta 112 millionar kroner før jul. Éin skule blei lagt ned, ei lang rekkje yrkesfag blei kutta, i tillegg til musikk, dans og drama.

No viser det seg at fylkeskommunen går med overskot på 313 millionar kroner.

– Eg lurer på kven som er reknemeistaren her. Vedtaka som er gjort er ein tragedie, seier Gerd Botn Brattli. Ho er fylkesleiar i Utdanningsforbundet og er sjokkert over dei nye opplysningane om fylkesøkonomien.

Gerd Botn Brattli

Gerd Botn Brattli er fylkesleiar i Utdanningsforbundet. Ho meiner vedtaket om skulekutt er tragisk og krev at det blir omgjort.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Krev at vedtaket blir omgjort

Utdanningsforbundet krev at linjene blir starta opp igjen og at elevane får utsett søknadsfristen. Den går ut 1. mars.

– No har politikarane ein unik sjanse til å snu. Dei kan reversere raseringa av vidaregåande, seier Brattli. Ho meiner at alt ligg til rette sidan klasseromma eksisterer og utstyret enno ikkje er flytta bort.

Det er nettstaden Vigo som administrerer søknadane til vidaregåande opplæring og dei opplyser til NRK at det reint praktisk ikkje er noko problem å utsette fristen i Møre og Romsdal.

Vil ha omkamp

Frank Sve.

Frank Sve (Frp) har fremma krav om å ta opp att saka og utsette søknadsfristen for elevane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fylkespolitikar Frank Sve (Frp) har fremma krav om å ta opp att saka i eit ekstraordinært møte og utsette søknadsfristen. Han meiner kutta ikkje ville ha skjedd dersom fylkespolitikarane visste om den økonomiske situasjonen.

– Realiteten er at fristen for å søke skule går ut straks, og med eit svimlande overskot i fylket på 313,5 million kroner ville det vore svært naturleg at kutta innan skuletilbodet vart reversert, seier Sve.

Meiner kutta var naudsynte

Møre og Romsdal fylkeskommune trudde dei kom til å få berre 36 millionar i overskot, men på grunn av blant anna meir skatteinntekter og tilbakebetaling av tunnelsikringsmidlar, gjekk dei med 313 millionar i overskot.

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) vil ikkje kalle inn til eit ekstraordinært møte i fylkesutvalet. Ho viser til at ein tredel av politikarane må stille seg bak kravet, og det kravet fyller ikkje Frp. Torve seier til Nett.no at skulekutta var naudsynte.

Tove-Lise Torve

Fylkesordførar Tove-Lise Torve (Ap) meiner at skulekutta var naudsynte.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Mi meining er at kutta i linjetilboda var naudsynt mellom anna på grunn av nedgang i elevtal og kutt i rammene i statsbudsjettet, seier Torve til nettstaden. Ho meiner at elevane får eit godt tilbod sjølv om nokre av linjene blir nedlagde.

Må flytte på hybel

Det er elevane i Vanylven som blir hardast ramma av skulekutt. Dei miste skulen sin og på grunn av lang pendlaravstand, må ungdomane flytte på hybel til hausten.

Leiaren i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, Aslak Berntsen Husby, meiner overskotet i størst mogleg grad må brukast for å gjere om på skulekutta. Og spesielt er det viktig i Vanylven.

– Eg trur alle er samde om at visst ein ikkje ynskjer å flytte på hybel som 16-åring, skal ein ikkje vere i ein situasjon der ein må det, seier Husby.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL