NRK Meny
håndbilde
Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Utdanning Møre og Romsdal

Oppsummert

I Møre og Romsdal er det tre store utdanningsinstitusjoner: NTNU Ålesund, Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde. Høgskolesenteret i Kristiansund er underlagt Høgskolen i Molde.

  • – Har gitt fra seg en god mulighet

    Stortingsrepresentant Helge Orten (H), mener Høgskolen i Molde taper på å ikke ha inngått et samarbeid med NTNU, slik Høgskolen i Ålesund har gjort. – Jeg tror et samarbeid med NTNU ville ha vært en god muligheit for Høgskolen i Molde å utvikle tilbudet de har. De har gitt fra seg den muligheten, men toget har ikke gått.

    stortingsrepresentant Helge Orten
    Foto: Roar Strøm / NRK
  • Elevane meiner det er eit løftebrot

    Elevane ved Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes er svært skuffa over at utbygginga av skulen som skulle starte i år, blir utsett. Skulen som gir elevar innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging har eit båsfjøs som blir drive på dispensasjon, men det er ikkje forsvarleg, seier elevrådsleiar Karoline Qvam. – Vi reagerer på at alt anna blir prioritert enn den einaste landbruksskulen som vi har i fylket. Når vi driftast på dispensasjon, så er ikkje det bra. Vi prøver jo å utdanne framtidas bønder, seier Qvam.

    Gjermundnes tilbyr landbruksutdanning for vaksne
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
  • Nei til studiar i petroleumsfag

    Fylkesutdanningssjef Erik Brekken foreslår at det ikkje blir starta opp studiar i petroleumsfag ved Fagskulen i Kristiansund i 2018/2019. – Låge søkartal er årsaka. I tillegg er det som regel færre som startar eit studie enn talet på søkarar, seier han. Tilbodet blei heller ikkje starta opp førre studieår.

    Petroleumssimulator ved petroleumsstudiet i Kristiansund
    Foto: Fagskolen i Kristiansund
  • Aukra-jente best i fylket

    Merethe Gulløy få Aukra stakk av med tittelen Fylkesmeister i helsearbeidarfaget 2018, då arrangementet gjekk av stabelen ved Kristiansund vidaregåande skole i dag. Til saman sju konkurrerte om å vere best i oppgåver knytt til det daglege arbeidet som helsefagarbeidar. Arrangør var dei kommunale opplæringskontora i Møre og Romsdal, fylkeskommunen, Fagforbundet, Delta og KS/Jobbvinner. Merethe skal no representere fylket under Yrkes- NM i Oslo i oktober

    Sju helsefagarbeider- jenter
    Foto: Eirik Haukenes / NRK