Utbyggarane kjem tysdag

Transporten av maskinar og utstyr til vindturbinutbygginga på Haramsøya blir tatt opp att tysdag. Direktør Olav Rommetveit i Zephyr seier til NRK at utbyggarane har ein god dialog med politiet om korleis dei skal handtere eventuelle protestar. Sist tysdag vart transporten av utstyr stoppa av vindkraftmotstandarar på ferjekaia på Haramsøya. Zephyr-sjefen seier at han tar sterk avstand frå «all ulovleg og udemokratisk aktivitet».

Haramsfjellet
Foto: Tore Ellingseter / NRK