Hopp til innhold

Toldboden får 75 000 kroner i bot etter smitteutbrot: – Eg syns bota er vel høg

Over 200 personar blei smitta etter ei festhelg i Ålesund i april. No får utestaden Toldboden ei bot på 75 000 kroner for brot på covid-19 forskrifta. – Eg synest bota er vel høg, seier dagleg leiar.

Toldboden restaurant i Ålesund

SMITTEUTBROT: HR Restaurantdrift AS som dreiv restaurant Toldboden i Ålesund fram til 1. mai, har fredag fått eit førelegg på 75 000 kroner for brot på covid-19 forskrifta.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politijurist Mathias Häber

– Det blei servert veldig mykje alkohol til nokså lite mat, Politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt

Foto: Remi Sagen / NRK

– Brotet av covid-19 forskrifta består i at restauranten serverte alkohol til gjestar fleire gongar utan at dei også blei servert mat, seier politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt, som har gitt førelegget.

– Ein kan stille seg spørsmålet: Kor mange halvliter pils og tyrkershots er naturleg å få servert til ein porsjon pommes frites, seier Häber.

Strålande vårvêr, kombinert med gjenopning og oppheving av skjenkestopp gjorde at mange tok turen innom restaurantar og uteserveringar i Ålesund helga 16. -18. april.

Men feiringa fekk konsekvensar. I ettertid viste det seg at ein eller fleire av gjestane ved restaurantane Toldboden og Anno hadde korona.

1. juni runda Ålesund 600 smittetilfelle, og rundt 1/3 av desse smittetilfella kan sporast til denne helga med smittespreiing, ifølgje kommuneoverlege Olav Mestad.

Fleire har fortalt til NRK at gjestane som besøkte Toldboden denne helga sat altfor tett og at det blei servert berre alkohol og ikkje mat. Det dukka også opp ein video som viste folk som dansa, klemte, ropte og song.

– Eg synest bota er vel høg

Leiinga ved Toldboden har tidlegare beklaga det som skjedde. Toldboden er stengt, ettersom staden har fått nye eigarar. Dette vart bestemt før smitteutbrotet.

Christian Bernhard Olsvik Ålesund

Christian Bernhard Olsvik Ålesund er konstituert som dagleg leiar i HR Restaurantdrift AS. Dei dreiv Toldboden i Ålesund fram til 1. mai.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

– Eg synest bota er vel høg og det er tydeleg at mediepresset mot politiet og kommunen gjer at dei set ei så høg bot, seier Christian Bernhard Olsvik Ålesund, som er konstituert som dagleg leiar i HR Restaurantdrift AS.

– Vi har berre servert alkohol til folk som har mat på bordet, men så er det jo eit definisjonsspørsmål: Kor lenge varar eit måltid? Vi har gjort vårt beste for å følgje smittevernreglane.

Mange gjestar og dei fleste tilsette som var på jobb den helga er blitt avhøyrt i forbindelse med etterforskinga, ifølgje politiet. Blir førelegget ikkje vedtatt, vil det bli lagt ned påstand om 100.000 kroner i bot, samt dekning av sakskostnader, når saka behandlast i tingretten.

Christian Bernhard Olsvik Ålesund seier det har vore eit enormt mediekøyr, og no skal dei vurdere om dei skal godta bota eller ikkje.

Stort smitteutbrot

Vebjørn Krogsæter

Varaordførar Vebjørn Krogsæter seier det er ei alvorleg sak.

Foto: Øyvind Sandnes

Utbrotet førte til det høgaste smittetrykket i Ålesund sidan pandemien starta i mars 2020. Smitten spreidde seg også til fleire sunnmørskommunar og ein rekke bedrifter blei råka.

Varaordførar i Ålesund kommune, Vebjørn Krogsæter, seier dette er ei alvorleg sak, og når politiet no gir ei bot, viser det at kommunen gjorde rett i å melde saka til politiet.

– Vi tar denne avgjerda til etterretning og håpar dette har ei preventiv verknad framover, seier han.

– Eg trur dette var ein vekkjar for mange. Vi var i ferd med å opne opp, og så skjedde det motsette. Vi håpar framover at alle er klar over at det framleis er ein risiko for smittespreiing.

Etter smitteutbrotet blei etter kvart innført strenge lokale reglar for å slå ned smitteutbrotet. Ålesund kommune melde også Toldboden til politiet for brot på smittevernreglane.