Hopp til innhold

Utbrotet i Herøy veks i omfang

15 personar i Herøy kommune fekk i går stadfesta smitte av koronavirus. Det er det høgste registrerte talet sidan utbrotet i kommunen starta 15. november.

I går kveld vart det avdekka eit utbrot i heimetenesta. I tillegg har det vore smitte ved seksjon blå ved Herøy omsorgssenter, Einedalen skule, Bergsøy skule Moltu skule og Møre barne- og ungdomsskule. Det skriv kommunen i ei pressemelding.