NRK Meny
Normal

Utanlandsk vogntog stengde veg i 18 timar

Sjåføren stolte blindt på GPS.

Vogntog står fast i Syltedalen

Her står vogntoget bomfast, og må ha hjelp til å kome seg ned igjen.

Foto: Tipsar

Vogntoget køyrde seg fast like etter midnatt søndag kveld i den nedste av svingane i Brekka. Dette er ein svært lokal veg, som berre blir brukt av personbilar som skal til eller frå Syltedalen. Til Synste Møre fortel føraren på gebrokkent engelsk at han brukte GPS-systemet, og ifølgje avisa hadde han tenkt å ta vegen over Kilebrekka.

Konklusjonen må vere at teknikken ikkje alltid står over lokal kunnskap. Rett nok er dette ei alternativ rute til Syvde, men den er så svingete og smal at det går raskare å køyre hovudvegen. Etter Syltedalen er det dessutan grusdekke, og nærast som ein kjerreveg å rekne.

Vogntog står fast i Syltedalen

Vogntoget var ikkje ein gong nær å forsere denne svingen.

Foto: Marte Myklebust

Bileta viser at det ikkje var noko klokt vegval for vogntogsjåføren heller. Vegstenginga førte til at dei som bur i Syltedalen måndag måtte bli henta nedanfor vogntoget om dei skulle nokon plass. Deira eigne bilar kom ikkje forbi.

Operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt sa måndag morgon at det ville ta tid å få fjerna vogntoget.

– Bergingsbil kjem frå Nordfjordeid. Selskapet har vore på staden og vurdert situasjonen, og tatt på seg oppdraget, fortel operasjonsleiar Kai Henning Myklebust i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Først klokka 18.03 fekk politiet melding om at vogntoget var fjerna – 18 timar etter at det sette seg fast.

Måtte tømme bilen

Tommy Sølvberg i Eid Motor fortel at dei måtte tømme bilen før dei kunne berge den.

– Den var lasta med plastikkemballasje som skulle til ei fiskeforedlingsbedrift. Plastikkrullane stod på pallar og kvar vog over hundre kilo, så det tok litt tid når hengaren stod litt på halv åtte. Men det gjekk fint.

– Er du van med å måtte hjelpe dei som har fått problem på grunn av GPS?

– Det skjer heldigvis ikkje så ofte. Dette var litt ekstremt. Sjølv har eg ikkje vore i denne dalen før og den utanlandske sjåføren vart litt forbausa då vi var oppe og snudde etter at vi fekk han fri.

Den tida dei jobba på staden var det lite trafikk på vegen.

– Dei fleste hadde vel fått med seg at vegen var stengd så ingen var sure og sinte. Det var sikkert verre då dei skulle på jobb og skule i dag tidleg.

Syltedalen

Viss vogntoget hadde kome seg til Syltedalen ventar ein smal grusveg vidare til Syvde. I dag er det snø på denne vegen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK
Laster kart, vennligst vent...

Vogntoget køyrde seg fast heilt sør på Søre Sunnmøre.