Hopp til innhold

Utan vatn i Norddal kommune

I Norddal kommune er framleis fleire bønder, fellesfjøs, hytter og enkelthusstandar utan vasstilførsel frå private vassverk eller brønnar.

Vatnet er frose på tredje månaden og mange må hente vann frå Eidsvatnet eller andre kjelder.

Leiar for forvaltning, drift og vedlikehald i Norddal, Yngve Hovden, seier bøndene har vore tilpasningsdyktige i ein helt spesiell vinter.

No vurderer likevel kommunen om dei på sikt må hjelpe bøndene med magasin.