Hopp til innhold

Utan straum

Neas Nett melder at det i morgontimane har vore straumbrot frå Kårvåg til Hasseløya, dette inkluderer Sandøya, Håholmen og Båt og oppdrettsservice. Dei har no lokalisert feilen på strekninga frå Setervågen til Hasseløya. Men Sandøya, Båt og Oppdrettsservice og Hasseløysundet industriområde (asfaltverk/knuseverk) er framleis utan straum. Det skal vere snakk om ca. 85 kundar som er utan straum. Neas opplyser at dei jobbar for fullt for å rette feilen.