Hopp til innhold

– Treng vi eigentleg Kristi himmelfartsdag?

Debby Terøy er ikkje den einaste som er litt usikker på kvifor vi har fri på Kristi himmelfartsdag.

Debby Terøy

Debby Terøy ser på Kristi himmelfartsdag som ein kjærkomen bonusfridag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Var det då Jesus stod opp frå dei døde? spør Debby Terøy når ho får spørsmål om kvifor vi har fri på Kristi himmelfartsdag.

Ho jobbar på Narvesen i Ålesund og ser på 'himmelspretten' som ein bonusfridag.

– Eg er ikkje så veldig religiøs så eg bryr meg ikkje om kvifor vi har fri. Det er uansett herleg å få litt fri av og til.

Karl Martin Juliussen og Robin Fure

Det er fint med ein ekstra dag til å lese på pensum seier studentane Karl Martin Juliussen og Robin Fure.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Karl Martin Juliussen og Robin Fure er studentar og for dei er Kristi himmelfartsdag ein ekstra lesedag. På lik linje med Terøy er også desse karane usikre på kvifor dette er ein fridag.

– Har det noko med pinse å gjere? spør Robin undrande.

Vil ha rauddagskonto

Både Robin og Karl Martin seier dei skulle ønskje at Kristi himmelfartsdag var ein fridag som dei kunne disponere etter eige ønskje i staden for at den skal vere ein religiøs fridag som no.

Alva Eide

Alva Eide, 1. nestleiar i Unge Venstre synest Kristi Himmelfartsdag kan vere ein valfri fridag.

Foto: Unge Venstre

Unge Venstre er heilt einige med desse studentane. Første nestleiar i unge Venstre, Alva Eide, synest like godt vi kan fjerne alle religiøse fridagar i Noreg

– Vi ønskjer oss ein felles rauddagskonto der vi samlar alle religiøse heilagdagar. Så kan folk velje sjølve, i samarbeid med arbeidsgjevar, når dei vil ha fri.

– Jobbar gjerne på «himmelspretten»

Debby Terøy på Narvesen synest i grunnen dette er ein god idé.

– Eg jobbar gjerne på «himmelspretten». Dette hadde jo vore ein god måte å ta omsyn til folk med andre religionar på også, seier den smilande kioskdama.

Og her er ho heilt på linje med Alva Eide i Unge Venstre.

– Vi vert eit stadig meir fleirkulturelt og fleirreligiøst samfunn og det er viktig å gi rom for andre religionar også. Det gjer vi ved å la folk få lov til å bestemme sjølve når dei vil ha fri.

– Ein del av kulturen vår

Men denne valfridomen begeistrar ikkje alle. Gravemaskinsjåfør Knut Asle Fløtre frå Hessa er ein av dei som meiner det er viktig å ta fri på Kristi Himmelfartsdag.

Knut Asle Fløtre

Knut Asle Fløtre skal slappe av på Kristi himmelfartsdag

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Kristendomen er ein del av kulturen vår og den bør vi ta vare på. Eg synest vi skal følgje den kristne læra og halde kviledagen heilag.

Alva Eide i unge venstre er ikkje uroa for at tradisjon og kultur skal gå tapt om vi skulle gjere religiøse fridagar om til valfrie fridagar.

– Dei som er glade i tradisjonar kjem til å halde på dei. Eg likar å feire jul og vil fortsetje med det.