Hopp til innhold

Rasområdet kan vere utrygt

Geoteknikarane som undersøker det store leirraset ved Ålvundfjord i Sunndal er usikre på om det kan gå fleire ras.

Steinar Vestnes, Statens vegvesen

Steinar Vestnes i Statens vegvesen må vente på prøver av grunnen før arbeidet med å rydde vegen kan starte.

Foto: Roar Halten

Difor vil dei no ta nye prøver, mellom anna for å finne ut om det er kvikkleire eller blåleire som er i grunnen. Kvikkleire kan utløyse leirskred, og fleire av dei store naturkatastrofane i Noreg har vore kvikkleireskred.

Får ikkje rydde

Dermed får vegvesenet førebels ikkje starte med å rydde fylkesveg 670 i Ålvundfjord i Sunndal. Det store leirraset gjekk over vegen i går kveld, sperra den viktige pendlarvegen, og delte kommunen i to.

Geoteknikarane frå Norconsult kom til rasstaden klokka 10 i dag. Dei har undersøkt området, men treng meir tid for å finne ut om det er trygt å opne vegen.

– Vi har vore der og sjekka massane, men vil undersøke dei nærare på laboratoriet i Molde, før vi kan seie om det er trygt. Der er ein del leirmassar vi er usikre på, seier Steinar Vestnes i Statens vegvesen til NRK.

Usikkert om vegen kan opne

Steinar Vestnes vil førebels ikkje seie noko sikkert om vegen kan opne i dag, eller ikkje.

– Vi arbeider heile tida, og med ein gong vi veit korleis vi skal gjere det, så set vi i gang, seier Vestnes.

Etter at analysane av leire er klare, skal fagpersonane samlast for å avgjere korleis situasjonen kan løysast.

Jordras Ålvundfjord

Tirsdag ettermiddag er det framleis uvisst om vegen kan opne i dag.

Foto: Google maps

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL