Hopp til innhold

Usikkert om Nordlys er tett

Ein feil på eit kamera gjer at Sjøfartsdirektoratet framleis ikkje har kunne slått fast om hurtigruta Nordlys er heilt tett.

Dette vil ein prøve å finne svaret på i dag, seier driftsdirektør i Hurtigruten, Dag-Arne Wenzel.

– Dei arbeider framleis med inspeksjonane, og har gjennomført det meste som skal gjennomførast om bord, fortel Wenzel.

– Men vi fikk ei endring i planane ved at kamera vart øydelagt. Vi må ha eit nytt kamera på plass for å gjennomføre skroginspeksjonen på utsida, seier driftsinspektøren vidare.