Hopp til innhold

Usikkert kven som erstattar Fjørtoft

Klubbdirektør i AaFK, Henrik Hoff, stadfestar at Karl Oskar Fjørtoft er ute som assistenttrenar, utan at klubben per i dag har funne ein erstattar.

Karl Oskar Fjørtoft, trenar Fortuna Ålesund

Karl Oskar Fjørtoft kan kome tilbake til stillinga på eit seinare tidspunkt, seier sportsdirektør Henrik Hoff.

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK slit tungt i eliteserien, og ligg for tida på nedrykksplass. Førre helg gjekk laget på eit audmjukande tap i Bergen, då Brann sigra 6–0.

– Me ønskjer å få inn ein trenar til i teamet, og gjer endringar i ei kortare periode, for å sjå om det kan løfte resultata våre, seier Hoff.

Dermed vert Karl Oskar Fjørtoft teken ut av stillinga som assistenttrenar. Men han kan kome inn att seinare, ifølgje Hoff.

Henrik Hoff

Klubbdirektør Henrik Hoff seier klubben gjer endringar i trenarteamet for å løfte resultata.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Dette er ei mellombels løysing for å gjere noko med situasjonen me er i no. Me har vore inne i ein svært svak periode, no gjer me nokre tiltak for å få opp att ånda i laget, seier Hoff.

Treng rutine

Hoff seier klubben jobbar med å få inn ein meir rutinert trenar i teamet rundt hovudtrenar Trond Fredriksen, utan at han vil nemne namn.

– Det jobbar me med, og det er ikkje eitt hundre prosent avgjort enno kven dette blir. No er det kampen mot Lillestrøm på søndag som har fullt fokus, seier Hoff.

Då AaFK-trenar Trond Fredriksen var gjest i radiosendinga til NRK Møre og Romsdal fredag ettermiddag, ville han ikkje kommentere det som skjer i trenarteamet.

– Eg har ikkje så lyst til å seie så mykje om det.

Trond Fredriksen

Hovudtrenar Trond Fredriksen meiner andre må vurdere om han er rett mann til å leie klubben vidare.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Føler du at det no skjer ting i klubben som du ikkje har kontroll på?

– Både ja og nei. Men som sagt, eg har ikkje så lyst til å snakke om akkurat det, sa Fredriksen.

Tek sjølvkritikk

Aafk-trenaren er klar på at han sjølv også er skuld i uføret som klubben er i.

– Det er ikkje tvil om at eg har gjort ein for dårleg jobb, seier Fredriksen.

Men er du då rette mann til å snu skuta?

– Om eg er den rette mannen, det får andre vurdere. Eg er innstilt på å gjere den jobben eg er sett til på ein enno betre måte innover i framtida.