Hopp til innhold

Usikkert for laks i møbelfabrikkar

Planane om å starte innandørs lakseoppdrett i tomme møbelfabrikkar i Stordal, kan henge i ein tynn tråd etter at Fiskeridirektoratet har sagt nei til at søknaden frå Norsk Sjømat om fire utviklingskonsesjonar for oppdrett. Det er nett.no som skriv dette. (krev innlogging). Planane gjekk mellom anna ut på å starte lakseoppdrett i eit lukka innandørs anlegg. Prosjektet kunne gi opp mot 50 nye arbeidsplassar i kommunen. Dagleg leiar Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat seier til nett.no at dei kjem til å anke avslaget.