Hopp til innhold

Usikkert for Johnny Depp-konsert i Kristiansund

Konserten med Jeff Beck og Johnny Depp som skulle vere på Sentrum Scene i Oslo fredag er utsett grunna covid-sjukdom i bandet. Denne konserten blir utsett til 2. juli.

Dei to skal også etter planen spele på Tahitifestivalen i Kristiansund laurdag. Festivalsjef Thomas Ingebrigtsen seier dei framleis ikkje veit om konserten blir avlyst.

– Viss det skjer så må vi ta hensyn til folk si helse. Og så er vi ein festival, så då må vi finne ein erstattar. Det er sjølvsagt trist for dei som har gleda seg til konserten.

jtEgwnpHhE4
Foto: Craig Hudson / AP

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL