Hopp til innhold

Usikkert for distriktsdrosjene

Mange kommunar har framleis ingen avtale med helseføretaket om pasientkøyring. Det kan få store konsekvensar for det lokale taxi-tilbodet.

Taxi Møre og Romsdal

Pasienttransporten utgjer ein stor del av driftsgrunnlaget for drosjene i utkantskommmuner. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Jan Eirik Søraas og Ed Skjølseth

Jan Eirik Søraas og Ed Skjølseth fryktar begge at distriktsdrosjene vil forsvinne om ny avtale om pasienttransport ikkje kjem på plass.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er alvorleg at vi ikkje har avtalar på plass med helseføretaket, seier rådgjevar Jan Eirik Søraas i Fylkeskommunen i Møre og Romsdal.

Han seier drosjetransport er ein viktig del av kollektivtilbodet dei har ansvar for.

Stor del av driftsgrunnlaget

I byane og tettstadane i fylket er rundt 80–90 prosent av køyringa ordinær drosjetransport, men i utkantkommunane er 90 prosent pasientkøyring. Det fortel kor viktig dette er for drosjene å ha en avtale dei kan leve av – forsvinn pasienttransporten, så forsvinn drosjetilbodet.

– Det er alvorleg for oss om distriktsdrosjene mister pasienttransporten. Det er klart at det vil by på store problem for oss om drosjene i distrikta forsvinn fordi det også vil gå utover anna bestillingstransport, seier Søraas.

Usikker framtid

No er uvissa veldig stor hjå mange drosjeeigarar om dei skal satse vidare, seier styremedlem i fylkesstyret av Norges taxiforbund, Ed Skjølseth.

– Det er stor uvisse. Folk veit framleis ikkje kva dei skal gjere. Vi veit ikkje om vi har noko arbeid å gå til om eit halvt år, seier han.

– Trur du mange vil falle frå?

– Viss det ikkje vert pasienttransport, trur eg at det vert ei stor avskaling ja, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL