Usikker straumforsyning

Kraftbransjen i Møre og Romsdal meiner det må kome svært mykje nedbør i haust for at dette skal bli eit normalår for straumforsyninga. Fyllinga i vassmagasina er på veg ned mot eit minimumsnivå. – Konsekvensen er at straumprisane blir svært høge, stadfestar Øyvind Ohr, salsjef i Istad kraft.