Usikker på framtida til kommunane

I morgon skal regjeringa presentere korleis dei ser på kommunane i framtida. Kommunar som slo seg saman blei løna for det, medan mange av dei som valde å stå aleine, fekk det tøffare økonomisk. – Spørsmålet er kor mykje av dette som blir vidareført, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp). Han seier det kan få følgjer for Stranda si framtid.

Jan Ove Tryggestad
Foto: Trond Vestre / NRK