NRK Meny
Normal

Usikker framtid for bypakkane i fylket

Samferdselsministeren frå Framstegspartiet vil stoppe bypakkane for Ålesund, Kristiansund og Molde.

Samferdselsministeren frå Framstegspartiet vil stoppe bypakkane for Ålesund, Kristiansund og Molde, men regjeringspartner Høgre reknar med at det vert inngått kompromiss.

SJÅ TV-SAKA: Torsdag vart det klart at Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil gå imot bypakkane i fylket. Foto/redigering: Brede Røsjø.

Hellebrua er ein av flaskehalsane i Ålesund og i vegnettet inn og ut av byen.

Kenneth Kvistad

Drosjesjåfør Kenneth Kvistad er skuffa over at det ikkje blir bypakke.

Foto: alf-jørgen tyssing / nrk

Yrkessjåførane må truleg vente lenge på ei ny bru om bypakkane i Møre og Romsdal blir stoppa.

– Eg hadde håpt det skulle byrje å skje noko snart, men det er lite truleg at det skjer noko utan bom, trur Kenneth Kvistad, drosjesjåfør i Ålesund.

Ikkje overraska

Torsdag skreiv Sunnmørsposten at Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil gå imot bypakkane i fylket. Det kom ikkje overraskande på fungerande ordførar i Ålesund.

– Nei, eg er ikkje overraska. Eg sa at bypakken ikkje ville bli slik som han vart vedtatt i Ålesund bystyre, og det fekk eg rett i, seier Geir Stenseth.

Blanda kjensler

All trafikk inn og ut av Ålesund skulle etter planen betalast med bompengar.

Geir Stenseth

Geir Stenseth er ikkje overraska over beskjeden frå samferdselsministeren.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / Nrk

Samferdselsministeren går no imot dette prinsippet, og meiner også at den samla pakken vart for dyr. Stenseth trur beskjeden får blanda mottaking.

– Nokre blir nok veldig glade fordi dei slepp å betale bompengar, medan andre blir skuffa fordi det ikkje blir gjort noko med trafikksituasjonen her i kommunen, seier han.

Stenseth fortel at dei no må sette seg ned, gjerne i samarbeid med nabokommunane, og sjå på kva dei kan gjere.

Stoppar ikkje bypakken

Frp har lenge hatt eit klart standpunkt imot bompengar. Regjeringspartnar Høgre reknar med at det vert inngått kompromiss i bypakkesaka, og trur ikkje avgjerda til Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil vere til hinder for bypakker her i fylket.

Helge Orten (H)

Helge Orten meiner at beskjeden frå Solvik-Olsen ikkje stoppar bypakkane i fylket.

Foto: NRK

– Synet til Frp har lenge vore klart, og det har ikkje stoppa bypakkar andre stadar i landet, seier Stortingsrepresentant, Helge Orten (H).

Orten meiner det ikkje er problematisk at samferdselsministeren no vil gå imot bypakkane i fylket.

– Dette er ein ganske normal del av prosessen med ein bypakke. Her er det fremja ein søknad som vil gå til departementet, og så vil departementet ha synspunkt både på plassering av eventuelle bomstasjonar, bompengar kontra statleg finansiering og innhaldet totalt sett, seier Orten.

– Det som er viktig er at kommunane og departementet kjem i ein god dialog slik at vi får forma bypakken slik han burde vere, held han fram.

Intervju Helge Orten (H)

Sjå intervjuet med Helge Orten.