Hopp til innhold

Anonyme artiklar i Vestlandsnytt

Lokalavisa Vestlandsnytt bryt truleg norsk lov.

Vestlandsnytt.
Foto: Olaug Bjørneset

Leiinga i avisa for Herøy og Sande nektar dei tre journalistane å signere artiklane sine, og ifølgje Norsk Journalistlag strir dette mot Åndsverkslova.

– Etter mi meining driv dei lovstridig. I Åndsverkslova står det veldig tydeleg at opphavsmannen har krav på å bli namngitt.

Einaste avisa i landet

Leiar Elin Floberghagen i Norsk journalistlag seier Vestlandsnytt er den einaste avisa i landet ho kjenner til som har ein slik praksis.

– Dette er veldig spesielt og veldig uvanleg i norsk presse, seier Floberghagen.

Avisartiklar er vanlegvis utstyrte med namn, og gjerne også telefonnummer og epostadresse til journalisten som har skrive saka.

Men slik er altså ikkje praksisen i lokalavisa Vestlandsnytt.

Håper på endring

Endre Vorren, som er ein av journalistane håper det no blir ei endring.

– Vi har vel tenkt at dette har vore litt på kanten. Så no må vi berre rekne med at leiinga vil følgje opp og halde seg innanfor lovverket.

Alle artiklane i Vestlandsnytt er usignerte.

Alle artiklane i Vestlandsnytt er usignerte.

Foto: Olaug Bjørneset

– Har alltid gjort det slik

Redaktør Jann Flatval seier til NRK at han ikkje er klar til å svare på kvifor avisa har ein slik praksis.

Eigar og dagleg leiar Fred Frantzen seier dei alltid har gjort det slik, men at dei no vurderer å endre praksisen.

NJ-leiaren seier dei vil ta opp saka dersom ikkje dette skjer raskt.

– Eg vil på det sterkaste oppfordre redaktøren til å respektere norsk lov, og la journalistane få byline på trykk. Dersom det ikkje hjelp, får vi ta kontakt no over ferien, konstaterer Elin Floberghagen.