Hopp til innhold

Usemje om Fræna vindpark

Naturvernforbundet kallar Statkrafts planar om vindkraftutbygging i Fræna galskap. Frænaordføraren er nøgd med Statkrafts nye søknad.

Fræna vindpark - siste søknad frå Statkraft
Foto: Statkraft

Søknaden Statkraft no har inne, gjeld maksimalt 17 vindturbinar, medan maksimumstalet i den førre søknaden var 27.  Den gongen sa kommunestyret i Fræna nei.

Utbyggingsområdet er redusert, og tre turbinar nær Hustad er tekne ut av planen av omsyn til turistvegen. Dei sju turbinane nærast folkesetnaden og turistvegen blir også lågare; det blir 85 meter opp til navet i staden for 100 meter.

Luftleidningen er også korta ned, og vegane i utbyggingsområdet er til saman nesten halverte, no er den samla vegstrekninga på 7 km.

"Hakkematlaboratorium"

Det er utidig av Statkraft å sende ein ny søknad om å byggje ut vindpark i Fræna, seier Naturvernforbundet. I ei fråsegn til NVE seier forbundet at "havørnhakkematlaboratoriet på Smøla er tilstrekkeleg til å kunne forske ut korleis vindmøller tar livet av ein havørnbestand".

Vil framleis ha vindkraft

 

Arve Hans Otterlei
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ordførar Arve Hans Otterlei seier at han framleis er tilhengarar av vindkraftutbygginga, og er ikkje samd i at Statkraft manglar respekt for politikarane når dei søkjer på nytt etter at kommunestyret sa nei sist dei søkte. Det er Vassdrags- og energidirektoratet som har bedd Statkraft søkje igjen, seier han.