Hopp til innhold

Usemje om asylmottak

Det er sterke reaksjonar i lokalmiljøet på at det truleg blir asylmottak på Vestnes.

Video nsps_upload_2009_9_17_17_17_41_1895.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Blanda reaksjonar på at det skal kome over 100 asylsøkjarar til Vestnes før jul. (Sjå video)

Overtek etter leigearbeidarar

Skip Vestnes
Foto: Andreas Sundby / NRK

Leigearbeidarane forsvinn frå skipsindustrien i kommunen på grunn av mangel på oppdrag. No skal meir enn eitt hundre asylsøkjarar overta dei ledige romma før jul.

I gulltia i skipsindustrien gjorde utanlandske leigearbeidarar innhogg i Vesnes, men no går aktiviteten ned.

Gode røynsler

Øyvind Uren

Øyvind Uren er ordførar i Vestnes

Foto: Andreas Sundby / NRK

Ordførar Øyvind Uren i Vesnes seier dei var spent på kor det gjekk då så mange som eitt tusen leigearbeidarar kom til kommunen. Men det gjekk veldig bra og han trur at med erfaringane frå den gongen skal kommunen takle det som no kjem. Ordføraren viser også til at rammene for mottaka er utvida og at dette sikrar økonomien i prosjektet.

Inngrodd skepsis

Ein av dei som er mest skeptisk til eit så stort asylmottak er kommunestyrerepresentant Knut Flølo (Frp). Han meiner det set store krav til kommunen å ta imot over 100 asylsøkjarar. Han er skeptisk til om kommunen kan ta imot dei på ein skikkeleg måte og gi dei eit godt opplegg.

Knut Flølo i diskusjon

Ikkje alle vil høyre på skepsisen til tidlegare ordførar Knut Flølo..

Foto: Andreas Sundby / NRK