NRK Meny
Normal

Tviler på at biene er smitta med alvorleg parasitt

Birøktarane på Smøla tviler på at den svært smittsame parasitten varroamidden finst på øya, og fryktar for konsekvensane dersom dei blir erklært som smittesone C. Mattilsynet avviser påstandane.

Bikuber

Friske bier i kubane er noko alle birøktarar ønskjer seg. Sjukdom kan gi store ringverknader for både biene sjølve og for eigarane.

Foto: Judy Rangnes

Varroamidd er ein svært smittsam sjukdom som har spreidd seg over store delar av landet.

Bie på blomst

Sjølv små spor etter varroasmitte som andre bier har lagt att i blomster, kan vere smittekjelde for friske bier, seier Mattilsynet.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

Sjukdomen blei påvist av Mattilsynet i ein bigard på Smøla like før jul, og det er første gong denne sjukdomen har dukka opp i Møre og Romsdal. Mattilsynet rår difor at øya blir klassifisert som «smitteområde C».

Leiar i Smøla Birøktarlag Judy Rangnes meiner derimot at det er for tidleg å konstatere at den svært smittsame parasitten finst på Smøla.

– Det har berre blitt påvist ein midd hos ein birøktar med 100 kubar. Neste gong det vart tatt prøver hos denne birøktaren vart det påvist null smitte. Denne midden blir det fleire av, ikkje færre, seier ho.

– Resultatet er ein feilindikasjon

Møre og Romsdal har til no vore eit av få område i landet utan den frykta parasitten varroamidd. Mattilsynet har tidlegare sagt til NRK at når ein midd er påvist, vil der vere fleire, og at det så å seie er uråd å utrydde midden når den først har oppstått.

Judy Rangnes

Judy Rangnes fryktar for konsekvensane dersom Smøla blir klassifisert som «smitteområde C».

Foto: Privat

15 av dei om lag 120 birøktarane i fylket held til på Smøla. Ragnes meiner det er urimeleg å definere Smøla som smitteområde på grunn av det eine påviste tilfellet, og at dei ikkje stolar på resultatet frå prøvene som mattilsynet har tatt.

– Vi meiner at det må vere ein feilindikasjon. Den første prøva vart tatt på vårparten og levert inn i august. Etter gjentatte prøver burde ein ha funne fleire midd i dette tidsrommet. Varroamidd er heller ikkje påvist hos nokre av dei andre birøktarar på Smøla.

Fryktar konsekvensane

Birøktarane på øya er redde for kva som kan skje dersom det regionale mattilsynet får medhald i at Smøla bør erklærast som smittesone C.

Bikube

15 av dei om lag 120 birøktarane i fylket held til på Smøla

Foto: Judy Rangnes

– Det er ikkje berre for tidleg og for dårleg bevisgrunnlag, men det er også farleg. Dersom Smøla blir definert som smitteområde kan andre birøktarar som har denne parasitten vandre hit med smitta bier og då blir vi garantert smitta, seier Ragnes.

No håpar ho hovudorganisasjonen Noregs birøktarlag vil gå inn i saka.

– Vi ønsker ein meir inngåande samtale med mattilsynet om denne saka, seier Ragnes.

Avviser påstandane

Mattilsynet avviser derimot desse påstandane og seier det ikkje er nokon fare for at birøktarar med varroamidd-smitten kan ta med bikubane sine til Smøla.

Dei vektlegg at dersom ein birøktar ønsker å flytte bier til lyngområde om sommaren, så må birøktaren sin bigard vere sertifisert.

– Det er ikkje tillate å flytte bier frå ein bigard som ikkje er sertifisert. Ein sertifisert bigard er ein bigard som ikkje inneheld varroamidd eller teikn på annan sjukdom hos bier, seier Merete Alstad hos Mattilsynet Region Midt.

Ho fortel at påvising av varroamidd på Smøla kan føre til at Smøla blir innlemma i region C. Ein følge av dette kan då bli at bier frå andre område i Norge, som også høyrer til region C, flyttast til lyngområda på Smøla om sommaren.

– Dette vil i så fall vere bier som kjem frå bigardar, og som ikkje har påvist varroamidden, dvs. frå sertifiserte bigardar. Ei slik forflytting av bier skal difor ikkje representere ein trussel mot biene på Smøla, seier Alstad.