Hopp til innhold

Usamd med eige parti

Høgre-politikar Gaute Grøtta-Grav seier i podkasten Fornybaren at han er veldig usamd med partiet sitt i energipolitikken.

Han er lobbyist for Motvind Norge, men meiner at partileiinga ikkje lyttar til grasrota i vindkraftspørsmålet, skriv E24.

Kommunestyrerepresentanten i Rauma seier han blei engasjert i Høgre mellom anna for å endre energipolitikken.

Erna Solberg i Møre og Romsdal med Gaute grøtta grav
Foto: Remi Sagen / NRK