Hopp til innhold

Usamd i at toga stoppar

Ordførar Lars Olav Hustad i Rauma er ikkje enig i avgjerda til NSB om å innstille togavgangane fredag. Dette blei ifølgje Åndalsnes Avis (bak betalingsmur) gjort for å unngå at tog skulle bli sperra inne, dersom Mannen rasa. Godstrafikken går som normalt, og Hustad meiner innstillingane til NSB gir eit feilaktig inntrykk av at trafikken på bana er ustabil. Han fryktar dei økonomiske konsekvensane av dette.

Lars Olav Hustad
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK