Hopp til innhold

Usakleg oppseiing

Eit byggfirma i Molde må betale ut 250 000 kroner etter usakleg oppseiing av to tilsette, slår lagmannsretten fast. Dei to fekk ikkje medhald då tingretten behandla saka i fjor sommar, men anka. Fleirtalet i retten har kome fram til at dei hadde dei nødvendige kvalifikasjonane for å halde fram i andre stillingar, då bedrifta måtte nedbemanne.