Hopp til innhold

Uromomentet «Mannen» rammar godsnæringa

Rauma kommune har kjempa hardt og lenge for å ha godstransport på Raumabanen. Det rasutsette fjellpartiet i «Mannen» har ført til mykje stenging av strekninga, og tolmodet til kundane er tynnslite.

Stengt jernbane gjennom Romsdalen

GÅR IKKJE PÅ SKINNER: Når det er raudt farenivå på «Mannen» blir Raumabanen frå Bjorli til Åndalsnes stengt for all togtrafikk. Det gir problem for leverandøren av godstransport.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– No er vi ved eit vegskilje. Dersom dette held fram må vi vurdere om godstrafikk på Raumabanen i det heile tatt er liv laga.

Det seier direktør i Green Cargo Kjell Owrehagen. Det har lenge vore godstrafikk på Raumabanen, både med Green Cargo og andre selskap.

Godstog på Raumabanen

RAUMABANEN: Godstog har lenge gått mellom Åndalsnes og Dombås, men kvar gong farenivået i «Mannen» blir raudt må alle toga stå stille. Det skaper uro for kundane til Green Cargo.

Foto: LEIF JOHNNY OLESTAD

Men med rasutsette «Mannen» hengande over jernbana og uvissa det medfører, seier Owrehagen at det blir vanskeleg å forsvare situasjonen overfor kundane som er avhengig av å frakte godset sitt på Raumabanen.

Denne situasjonen liker eg svært dårleg. Det fører til at vi leverer eit dårleg og ustabilt produkt til kundane våre. Det kan ikkje vi leve med.

Kjell Owrehagen, direktør i Green Cargo

– Så langt har tolmodet til kundane vore der, men no er det klare signal på at dei vil bli tvungne over på vegtransport dersom uvissa held fram.

Kjell Owrehagen

PÅ BRESTEPUNKTET: Direktør i Green Cargo Kjell Owrehagen seier Raumabanen er blant dei beste i landet, men rasfaren i Mannen gjer at dei leverer eit høgst usikkert tilbod til kundane sine.

Foto: Privat

Owrehagen understrekar at det ikkje er misnøye med sjølve bana, men med den usikre situasjonen med rasfare og stenging.

– Når bana er open er det den desidert mest punktlege for godstransport i heile landet, men det hjelp ikkje når godstoga blir ståande.

Vil vere eit stort tap for Rauma

– Eg har forståing for situasjonen til Green Cargo og at dette skaper forstyrringar for dei, men håper dei står løpet ut.

Ordføraren seier dette kan få store ringverknader for Rauma kommune. Det handlar ikkje berre om gods som kjem fram.

Lars Olav Hustad

VIL KJEMPE: Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad forstår frustrasjonen til Green Cargo og kundane deira, men håper både selskapet og kundane deira står løpet ut.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Mange arbeider med å frakte gods til og frå Åndalsnes, i tillegg til dei som jobbar på sjølve terminalen.

– Det er nok ein del arbeidsplassar som står i fare, og arbeidsplassar er trass alt det viktigaste vi har.

– Vi håper og trur at dette er ei tung kneik vi kjem oss over. Eg vil ikkje spekulere i om dette kan vere slutten for godstrafikk på Raumabanen.

Mannen

UROMOMENTET: Det rasfarlege fjellpartiet i «Mannen» gjer at Raumabanen til stadigheit må stengast.

Foto: Ivar Eidheim