NRK Meny
Normal

Meiner eldre er for dårleg representert i politikken – tek tak

– Det er ingen som tek vare på interessene til dei som har passert 70 år. Det meiner forbundsleiaren Norsk Pensjonistforbund, Borge Rørvik.

Borge Rørvik

Borge Rørvik, forbundsleiar i Norsk Pensjonistforbund, meiner dei eldre er underrepresentert i politikken.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Han er uroleg over at eldre er dårleg representerte i politikken.

– Utviklinga gjer meg redd for å bli eldre enn eg er i dag, seier Rørvik.

Forbundsleiaren i Pensjonistforbundet fortel at han fryktar at hans gruppe blir utvaska i det politiske bildet i Noreg.

– Vi føler nok at vi er litt sett til sides i dag.

– Det fordi aldersgruppa 60 pluss er svært lite representert i både Storting, Fylkesting og i kommunar, fortel Borge Rørvik frå Giske på Sunnmøre.

– Delen eldre på Stortinget speglar ikkje befolkninga

I dag er det berre åtte personar over 65 år på Stortinget. Dersom delen skulle vore representativ for befolkninga, burde talet på kandidatar vore minst 25.

Borge Rørvik

Rørvik fortel at for eksempel Møre og Romsdal har 50-åringar på Fylkestinget og 40-åringar i kommunane som gjennomsnitt.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

– Dei politiske partia burde spegle befolkninga, og politiske parti bør vere meir merksame på gruppa. Vi er snart éin million, og denne gruppa kan finne ut at éin er betre enn andre, seier Rørvik.

– Kva må gjerast for å betre situasjonen?

– På lengre sikt må vi tenkje informasjon til den yngre generasjon på ein annan måte. Vi har teke opp problemstillinga med sitjande regjering, og Arbeidsministeren har gjeve oss oppdrag om å setje saman eit generasjonsting.

– I den samanhengen vil vi gi opplysningar til dei yngre, og våre tankar som eldre, samtidig som vi kan ta innover oss dei yngre sine utfordringar. Det kan bli eit godt samspel over fleire generasjonar, fortel Rørvik.

Inge Lønning, Høyre

Inge Lønning (H) er ein av dei verkelege veteranane i norsk politikk. Han sat på Stortinget frå 1997 til 2009, og Vårt Land melder at Lønning kanskje tenkjer comeback i 2013.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Eldre må òg ta tak lokalt

Likevel er Rørvik klar på at dei eldre i tillegg må ta meir initiativ sjølve.

– På kort sikt må vi få eldre til å ta på seg nominasjonsval. For det er faktisk ute i dei forskjellige partia, ute i distrikta, at nominasjonane skjer.

– Då blir eldre kjapt skvisa ut, noko som er eit mønster vi ser, seier forbundsleiaren.

Han meiner det blir færre og færre som tek vare på interessene til dei eldre, spesielt dei som har passert 70 år.

Det er éin av grunnane til at han meiner eldre framleis bør ha makt.

– Ja, eg synest dei eldre framleis skal ha handa litt på styret, nikkar Rørvik.

– Kvifor?

– For eg trur den yngre og oppveksande generasjonen taper ein heil del erfaringar på å ikkje ta med dei eldre, avsluttar han.

Arne L. Haugen

Arne L. Haugen (Ap) er den eldste på Stortinget i dag. Han møter som vara for Trond Giske.

Foto: Morten Andersen / NRK