NRK Meny

Uroleg natt i Møre og Romsdal

Politiet har hatt fleire utrykningar på grunn av fyll og bråk natt til første påskedag. I Ørsta blei det sendt opp fyrverkeri frå sentrum. Og både i Kristiansund, Ålesund, Ulsteinvik og Molde har fulle folk blitt tatt hand om av politiet. Ved eit par tilfelle har det også vore bråk, vald og skadeverk som politiet måtte rydde opp i.