Hopp til innhold

Uroa over mobbing og helseproblem

Sandøy kommune ser med uro på resultata frå Ungdataundersøkinga som viser at elevane i kommunen opplever meir mobbing og har dårlegare helse enn gjennomsnittet. Folkehelsekoordinator Lene Breivik seier kommunen skal ta tak og engasjere foreldra for å gi hjelp.