Uroa over lang ventetid

– Det kan bli vanskelegare for barn å fortelle om overgrep, dersom dei må vente lenge på avhøyr. Det seier leiaren for Statens barnehus i Ålesund, Ingrid Heggli. Ei undersøking i politiet, viser stor uro over at fleire saker blir utsett på grunn av lav bemanning. Heggli deler uroa og seier at saka i verste fall kan bli øydelagd for barnet på grunn av lang ventetid.

Ingrid Heggli
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK