NRK Meny
Normal

Uroa for svikt

Det er sterke protestar mot at ufaglærte skal få dele ut medisinar.

Piller, medisin
Foto: : Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

- Vi er bekymra fordi forskning og dokumentasjon viser at det er stor svikt i handtering av legemiddel i helsetenesta, seier leiar i Norsk Sykepleierforbund i Møre og Romsdal, Guri Måseide.

Dårlegare kontroll

Ei forskrift frå Helsedirektoratet som vart sett inn i mai i år gjer det mogleg for leiarar ved institusjonar å delegere medisinske oppgåver til ufaglærde.

Sjukepleiarforbundet har klaga på forskrifta og trur den vil føre til dårlegare kontroll på legemiddelhandtering.

Dårlegare kontroll med medisinering

Den nye helseforeskrifta vil skape utryggheit rundt legemiddelhandtering.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Situasjonen er særleg prekær under ferien fordi mange av dei faglærde har fri.

- Ferievikarar og ufaglærte har ansvar og plikt til å seie frå om at ein blir satt til oppgåver som ein ikkje føler seg kvalifisert til, seier Måseide.

Ansvaret flytta

Ansvaret for delegering er flytta frå legane og over til verksemdsleiaren ved kvar enkelt institusjon. Det opner for større bruk av skjøn når fagkompetanse hjå personell skal vurderast.

Er du samd med sjukepleiarforbundet? Sei kva du meiner nederst!

- Eg forventar at dei som sit med ansvaret handterer dette med fagleg forsvarlegheit i tankane og fagleg kompetanse for dei som skal gjere jobben, seier Måseide.

- Eg håper dei sørger for opplæring og at dei handterar forskifta restriktivt i staden for å tenke at dette opnar for andre muligheiter.

Utfordrande

Marianne Myrvoll Devold

Verksemdsleiar ved Sanitetshjemmet i Ålesund, Marianne Myrvoll Devold.

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

Verksemdsleiar ved Sanitetshjemmet i Ålesund, Marianne Myrvoll Devold, har hatt ein utfordrande jobb med å setje saman sommarturnusen, med halvparten av bemanninga ute i ferie.

- No har eg fått ein god del ferievikarar, men dei fleste er ufaglærde. Dei får ekstra arbeidsbyrde fordi det er så få faglærte på jobb, seier ho.

- Å handtere legemiddel innber både kunnskap om medisinane, bivirkningar, kombinasjonar og virkningar. Så det er meir enn berre å gi ein tablett. Store mengder personell utan helsefagleg utdanning vil skape utryggheit, meiner Måseide.