Hopp til innhold

Uroa for pengar til nytt sjukehus

Regjeringa må inn med pengar til nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal dersom helseføretaket ikkje får orden på økonomien.

 

Det meiner Mons Otnes (Ap) som er leiar for ordførarkollegiet på Nordmøre.

Helseføretaket har per i dag eit overforbruk på 60 millionar kroner, og fleire styremedlemmar fryktar at dette vil auke.

Otnes godtek ikkje ein situasjon der økonomien i Helse Møre og Romsdal stansar det nye sjukehuset.