Hopp til innhold

Uroa for konsekvensane

Lege i spesialisering og verneombod på medisinsk avdeling, Hamza Nahoui, var ein av dei mange som heldt appell under protestdemonstrasjonen i Kristiansund i dag. Han fryktar at kuttforslaga ved sjukehuset i Kristiansund kan få ytterlegare negative konsekvensar. – Det skremmer vekk dyktig helsepersonell, svekker fagsterke avdelingar og fører til ei svekking av tilbodet. Dette kan ikkje vi gå med på, sa han under sin tale i dag. Han var også kritisk til dagens helseføretaksmodell og meiner at det må skje ei endring av den.

Lege Hamza Nahoui
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL