NRK Meny
Normal

Uroa for framtida til nynorsken

Ottar Grepstad vil kjempe for å behalde sidemålskarakteren.

Video Uroa for framtida til nynorsken

Nynorskdirektøren lever heile tida med angrep på den nynorske skriftkulturen. Ottar Grepstad fryktar fjerning av sidemålskarakteren vil gi store konsekvensar for nynorsken som skriftspråk.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad vil meiner det er viktig å kunne dei to norske skriftspråka.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta blir utspelet om å fjerne sidemålskarakteren møtt med skepsis.

– Må oppfattast som viktig

Direktør Ottar Grepstad er uroa for framtida til nynorsken dersom sidemålskarakteren blir fjerna.

– Det er svært viktig at den språklege jamstillinga blir halden ved lag. Den står no formelt ikkje på spel, men skal nynorsken ha den nødvendige sosiale status så må nynorsk også oppfattast som eit viktig språk for dei som bruker bokmål, seier nynorskdirektør Grepstad.

Meiner vurderinga er for tidkrevjande

Kristin Halvorsen

Kunnskapsministeren Kristin Halvorsen vil fjerne sidemålskarakteren.

Foto: NRK

Kunnskapsministeren vil styrke norskfaget ved å kutte ut sidemålskarakteren.

– Vi arbeider med en ny læreplan i norsk. Norskfaget er alt for omfattande i dag og det trengst å vere tydelegare på kva som er målet med faget. Det brukast mykje tid på vurdering for å setje tre karakterar, seier Kristin Halvorsen.

Vil behalde eksamenskarakter

Grepstad fryktar fjerning av sidemålskarakteren vil gi store konsekvensar for nynorsken som skriftspråk og vil arbeide mot framlegget.

– No har ikkje kunnskapsministeren konkludert og vi er mange som vil prøve å overtale ho til å ta eit anna standpunkt. Men om konklusjonen blir at det ikkje skal vere meir enn ein standpunktkarakter i skriftleg norsk, må det i alle fall vere eigne eksamenskarakterar i nynorsk og bokmål, seier Grepstad.