NRK Meny

Uroa av endringar

Tilsette ved Barne- og Ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Molde og Kristiansund er uroa dersom stillingar blir tatt vekk frå Nordmøre og Romsdal for å auke på Sunnmøre. Leiinga seier målet med endringa er å gi eit likt tilbod i heile fylket. Men verneombod Eli Aarland i Kristiansund seier det går ut over pasientane på Nordmøre, og plasstillitsvalt for overlegane i Kristiansund, Berit Jørgenvåg, fryktar fagmiljøet som er bygd opp der, kan bli øydelagt.